Laurdag og søndag kjem noregseliten i terrengløp til Haus for å delta i NM, og det er då 16 år sidan sist Osterøy IL arrangerte NM i kort løype i terrengløp.

Det er modig gjort å ta så pass store oppdrag på seg for eit lag som ikkje spesielt stort i landsmålestokk, men dugnadsanda i Osterøy IL lever i beste velgåande. For å få til eit så pass stort arrangement som det eit NM er må nesten alt som kan krypa og gå av medlemmer i klubben stilla opp, og truleg også nokre ekstra.

Sjølv om det ikkje er så mykje som kan gå gale, er det nokre utfordringar med å ta på seg så pass store arrangement.

No blir dette ingen økonomisk fiasko. Med eit budsjett på eit par hundre tusen kroner snakkar vi ikkje om ein reprise av sykkel-VM i Bergen som gjekk mange millionar kroner i underskot.

Osterøy IL kan likevel få eit underskot etter helga, men då skal dei vera ganske uheldige. Både sponsorar og salet skal svikta. Det siste kan skje dersom det skulle bøtta ned heile helga, noko det heller ikkje ser ut til å gjera på laurdag. No ser det heller ikkje ut til at det blir så mykje sol heller, men alt bør ligga til rette for at det bør bli ein folkefest i Haus laurdag.

Ronny Bertelsen er journalist i Bygdanytt. Foto: Mads René Trellevik

Å få inn nokre titals tusen frå sponsorar bør heller ikkje vera noko problem for det driftige laget. Store deler av næringslivet på Osterøy er flinke til å stilla opp for laga og organisasjonane i kommunen, og kanskje dei får ei og anna bedrift på fastlandet til å bli opp for å bli profilert i Haus i helga.

Det kjem altså om lag 200 deltakarar, leiarar og trenarar til Haus, og dersom det no skulle bli ein folkefest, vil det bli også bli ein solid kamp om parkeringsplassane. Dei er det ikkje mange av i Haus, så det kan vera ein god plan å ta bussen til og frå Haus i helga.

Det aller meste bør ligga til rette for at det skal bli ein folkefest i Haus i helga, og den einaste litt grå skya på himmelen er at det er det er meldt om - bokstaveleg talt - litt grå skyer på himmelen. Det kan gjera at somme som hadde tenkt å ta turen held seg heime.

Om ein eller fleire ostringar skulle ta medalje, så er det berre ein bonus. Det viktigaste i helga er at dette blir ein sosial fest med god stemning frå start til slutt. Ein fest som garantert vil setja både Osterøy og Haus på kartet på ein svært positiv måte.