På kaia ved Øyrane torg har det tysdag vore eit yrande liv. Store og små har nytt sola på kaia, og nokre var til og med så tøffe at dei tok seg ein dukkert.

– Det er berre 11 grader i vatnet, fortel Preben Sypriansen, som har fått nokre timar på vass-skuteren i Arnavågen.

– Heldigvis er det varmt på land, seier sambuar Christine Reknes.

Finvêr i vente

Å få så fine dagar som dette er vel fortent, meiner dei.

– Ja, helsikes, ler Preben.

Meteorolog Unni Nilssen ved Meteorologisk institutt kan meddele at dei sommarlege dagane er langt ifrå over.

– Onsdag blir vêret omtrent som i dag. Det blir litt søraustlig vind, som ein vil kjenne nokre stader. Bortsett frå det blir det fint og varmt, seier ho og legg til at det er fare for nokre lette regnbyge onsdag kveld.

Regn på konfirmasjonsdagen

Torsdag ser derimot ikkje like lovande ut. Då er det berre å finne fram regnjakka og støvlar.

– Vi får skikkeleg med nedbør. Det vil komme ein god del regn og temperaturane vil synke. Kanskje blir det 10-12 grader, fortel meteorologen.

For Sondre Reknes er det dårleg nytt. Han skal nemleg konfirmerast torsdag.

– Nei, det er ikkje heilt bra då, seier han om vêrmeldingane for den store dagen.

– Det er jo litt kjedeleg at det skulle bli regn då. Så fint vêr og så kjem den eine dagen med regn på torsdag, seier storesøstera Christine.

Over 20 grader

Heldigvis ser det ut til at det berre er torsdag som blir dårleg, og allereie fredag kan ein nyte sola igjen, fastslår meteorolog Unni Nilssen.

– Også resten av helga, laurdag og søndag, ser kjempefin ut. Det blir godt og varmt, og eg trur mange vil sjå 20-talet på temperaturmålaren, seier ho.

Emily Reknes, som blir 4 år i sommar, har storkost seg ute i det fine vêret. Fleire slike dagar kan vi truleg få i helga og neste veke. Foto: Siv K. Berg

Og det stoppar ikkje der.

– Dette vêret held fram ut i neste veke, prognosane viser at det blir mange fine dagar framover. På måndag og tysdag i neste veke kan det faktisk bli 24 grader.

– Spørsmålet alle vil ha svar på - korleis blir vêret 17. mai?

– Det er litt langt fram i tid. Om denne prognosen slår til, blir det kanskje litt kaldare og utrygt for nedbør. Men alt kan skje innan den tid.

  • PS: Har du tatt eit flott vårbilete? Merk gjerne bileta dine på Instagram med #Bygdanytt eller send dei til bn@bygdanytt.no. Eit utval av bileta kan bli publisert på nett og i vår papiravis.