I trafikk-kartet øvst i saka kan du følgje trafikken direkte. Raudt betyr kø, medan grønt betyr at trafikken går fint.

– Erfaringsmessig forventar vi ein god del kø utover ettermiddagen, seier trafikkoperatør Kjetil Larsen i Vegtrafikksentralen til Bygdanytt i 15-tida.

– Blir det meir trafikk enn ein vanleg fredag?

– Ja, mykje meir. Det er snakk om tusenvis av barn som skal på cup, og då blir det ein del ekstra trafikk, svarar han.

Over 700 lag til cuphelg

Ifølgje Voss Cup skal over 700 lag med 7.000-8.000 deltakarar vere på fotballcupen denne helga. Dermed reknar Larsen med auka trafikk på E16 både fredag ettermiddag og søndag.

– Særleg knutepunkt som Trengereid vil det bli ein del kø, fastslår han.

– Kva råd har du til bilistane?

– Ta det med ro og smør deg med tålmod. Sørg for at borna i baksetet har noko å aktivisere seg med, så dei ikkje blir utålmodige og foreldra blir irriterte.

Klokka 1630 seier trafikkoperatør Tore Tysse i Vegtrafikksentralen at han trur køen vil vare fram til 19-20-tida fredag kveld.

– Det kan sjølvsagt forandre seg om folk har endra køyremønsteret sitt, men erfaringsmessig så vil trafikken gå litt lengre på ein slik dag som dette.

Klokka 17 er det derimot lite trafikk å sjå. Med unntak av ei periode i 16-tida med lange køar, har det elles gått bra i trafikken, opplyser Vegtrafikksentralen.

Hadde kontroll

Mange var på veg til Voss denne dagen, og Statens vegvesen hadde kontroll ved Grimen. 110 køyretøy var innom kontrollplassen, og Statens vegvesen hadde fokus på beltekontroll og riktig bruk av bilbelte med omsyn til barn, samt lastsikring inne i personbilane.

- Jamt over har sjåførane gjort ein god jobb med omsyn til dette, heiter det i rapporten frå Vegvesenet.

Dei beskriv det som eit oppmuntrande resultat, men legg til at sjåførane må bli flinkare til å kontrollere at lysa på køyretøya fungerar som dei skal.