Dei siste åra har vore tøffe for Osterøys største private verksemd. – Me har så langt klart oss veldig godt ein svært krevjande periode, og det langsiktige bildet er veldig positivt, seier dagleg leiar Øystein Vie til Bygdanytt. Foto: Anders Totland

Optimisme og realisme rår i hjørnesteinsbedrifta

Overgangen frå kombinert fiskeoppdrett og foredling til rein fiskeforedling har ikkje vore ein dans på roser for Lerøy Fossen. – Men no har me klart å bremse den negative trenden, seier dagleg leiar Øystein Vie.