• Korleis skal du og bygda markere jonsokaftan i år? Blir det annleis frå tidlegare år? Tips oss gjerne på bn@bygdanytt.no eller via Messenger/Facebook

For det er verd å nemne at det er meldt om auka skogbrannfare i heile Sør-Norge på grunn av det milde veret den siste tida.

Eige ansvar

I Bergen og Osterøy treng ein ikkje søke brannvesenet om lov til å brenne bål på jonsokaftan. Eigne reglar kan likevel gjelde for dei ulike kommunane – og bålbrenning skjer alltid på eige ansvar.

Om du skal brenne bål:

Vest brann- og redningsregion har laga ei liste over korleis ein skal gå fram for å lage bål på ein trygg måte:

  • Bålet skal byggast av reine treprodukt. Impregnerte materiale gjev frå seg giftige gassar ved brann. Det same gjeld skumgummimadrass, gamle sofaer, bildekk og liknande.

  • Bålet bør ikkje byggast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.

  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning

  • Er bålet høgt, bør det setjast fyr på midten. På den måten unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.

  • Ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet vert halde under kontroll

  • Sørg for at born held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull. Kunststoff er lett antennelege og kan smelte under sterk varme.

  • Ta omsyn til naboar. Røyken verker irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som vert eksponert.

  • Ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet sløkkjast forsvarleg med rikelege mengder vatn. Finnast det ikkje vatn på staden, må dette takast med.

  • I tørkeperiodar og ved sterk vind vil eit generelt forbod vurderast. Den ansvarlege pliktar å undersøkje dette før opptenning.

  • Ikkje fyr opp eld på svaberg eller bart fjell då dette gjev varige skader på berget

  • Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å få løyve frå grunneigar til å brenne bål.

PS: Det er også eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. Her kan du lese meir om kva du bør vite og gjere før du tenner bål.