Grunna langvarig tørke innførte kommunen for få dagar sidan vatningsforbod og vassparing for abonnentar som er tilknytta vassverka på Gjerstad og Hamre.

No er dette utvida til å gjelda ein langt større del av kommunen.

Osterøy kommune skriv på heimesida si at på grunn av stort vatnforbruk må kommunen innføra vatnsparing og vatningsforbod også for abonnentar på Hosanger–Fotlandsvåg og Tysse. Dette gjeld for abonnentar som er tilknytta kommunalt vatn.

Årsaka til dette er at anlegget for vatnbehandling i Fotlandsvåg no går på full produksjon.

Forbodet gjeld også for spreiing av vatn og fylling av badebasseng. Dette gjeld fram til ny melding vert sendt ut.

Ber bøndene fylla gyllevognene

Grunna den ekstreme skogbrannfaren i Sør-Noreg har no Noregs bondelag bede bøndene om å ta eit ekstra ansvar. Bondelaget ber ifølgje NRK bøndene fylla opp gyllevognene med vatn. På den måten er dei klare til å hjelpa om brannvesenet skulle trenga hjelp.

Ettersom dei fleste bøndene har store gyllevogner og kraftige pumper kan dei bli viktige i ein beredskapssamanheng dersom det skulle byrja å brenna.

Osterøy kommune skriv at i mange tilfelle vil bønder vere dei nærmaste til å hjelpa dersom ein brann skulle oppstå. «Samstundes må ein hugse på å fylle på frå vatnkjelder der det ikkje er restriksjonar, sidan kommunen no har innført vatningsforbod fleire stader», legg kommunen til.