Rundt klokka 14.56 blei Arnanipatunnelen stengt grunna oppryddingsarbeid etter stein fall ned frå tunneltaket.

Entreprenør var i nærleiken, men sleit å koma fram på grunn av rushet, fekk Bygdanytt opplyst frå trafikkoperatør Ove Amundsen.

Klokka 1540 var det kø på E16 heilt frå Arnanipatunnelen og til Ytre Arna. Det var også kø på Trengereid-sida av tunnelen og på omkøyringsvegen rundt Garnes.

Auka ferjetrafikk

Klokka 16.45 strekte køen i retning frå Åsane til Arna seg heilt til Gaupås, medan køen frå sør mot nord ikkje var like lang.

På austsida av Arnanipatunnelen oppstod det også lange køar. Så lange at ei rekkje bilistar tok av frå E16 for å ta ferja mellom Valestrand og Breistein.

Sjølv om tunnelen har opna att, kan det likevel ta noko tid før køane er løyste opp. Klokka 18.00 er det framleis lange køar mellom Ytre Arna og Indre Arna.

Foto: Siv Kvalheim Berg