Ein svart moped av merket Derbi blei stole frå Ådnavegen i Indre Arna onsdag, opplyser politiet.

– Registreringsnummeret er RW3289 . Dersom nokon ser mopeden, så kan dei gjerne gje oss eit ord, slik at eigaren får den tilbake, seier politioverbetjent Vidar Almberg ved Bergen nord politistasjon.

Politiet fekk melding om tjuveriet klokka 1139, og har førebels ingen spor å gå etter.