Fare for real hauststorm – skalk lukene!

Varslar mykje vind på Vestlandet.

LUFTIG: Det kan bli vått og vindfullt over Nordhordland og Gulen fram mot torsdag morgon.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Frå onsdag kveld og gjennom natta er det venta mykje vind og vêr langs vestlandskysten. Folk blir oppmoda om å sikra eigedelar før det bles opp.

35 meter p/s

– Det er sendt ut farevarsel på gult nivå for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det gjeld frå onsdag kveld, og då kan ein forventa vindkast opp mot 25 til 35 meter per sekund. Vinden vil komma frå ein sørleg eller sørvestleg retning, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Martin Granerød.

Gult nivå tilsvarer ein potensiell utfordrande vêrsituasjon.

Vindfull kyst

Granerød fortel at det først og fremst er dei ute ved kysten som vil merka hauststormen mest.

– Det er er framleis mykje løv på trea og det er typisk at det vil vera nokre tre som fell ned.

Det er også meldt ein del regn på tidleg kveld, men det er i første rekke vinden som kjem til å skapa problem ved dette høvet.

Også brannvesenet og politiet har gått ut for å åtvara om den sterke vinden. Dei ber folk vera føre var og sikra lause gjenstandar.

Publisert: