Understellet ditt får køyrd seg når du køyrer frå Borgo til Hjellvik på gamle fylkesveg 367 på Osterøy. Foto: Anders Totland

Bygdefolket krev ny asfalt til Hjellvik og Raknes

– Vegen er heilt fordømt dårleg, og direkte slitsam å køyre på. Dersom me skal ha den slik gjennom ein vinter til, vil det knapt vere noko asfalt att, freser Alf Terje Mortensen.