Politiet har fått melding frå ein familie på Gaupås i Arna om at ein mann ringte på døra og ønskte pengar for å hjelpa sin kreftsjuke son. Politiet mistenker at det kan vera same mann som skal ha blitt observert luskande rundt i hagar i området.

– Vi har fått tilsvarande meldingar frå Hylkje i Åsane, der ein mann skal ha blitt sett tuslande rundt i hagar, men her skal han ha vore meir aggressiv. Han skal mellom anna ha banka i veggar og ikkje heilt ha gitt seg dersom han ikkje fekk noko, seier politioverbetjent Endre Laukeland ved Bergen nord politistasjon.

Laukeland oppmodar dei som får aggressive tiggarar på døra om å ta kontakt med politiet.