Det var jernbanestasjonen i Bergen som blei utan straum etter at det oppstod brann i fleire isolatorar. Det gjorde at anlegget som forsyner toga med køyrestraum var utan straum.

Med andre ord blei det full togstans mellom Bergen og Arna.

Bane Nor melder cirka 18:40 at utbrente isolatorar på Bergen stasjon har blitt erstatta med nye. Togtrafikken er i gang igjen som normalt mellom Bergen og Arna.

- Vi jobbar med å få alle passasjerane fram med alternativ transport. Det er hovudsakleg med buss, men òg noko drosje, sa pressetalsperson Åge-Christoffer Lundeby i NSB til Bygdanytt da de var full stans i togtrafikken.

Passasjerane blei oppfordra til å møta opp på vanleg måte, men førebu seg på at det blir store forseinkingar.

– Dette er sjølvsagt ein sitausjon som vi synest er veldig lei for passasjerane våre, men vi kan ikkje køyra utan straum.

På NSB sin app vil du få informasjon om toget sitt går eller ikkje. Her vil ein også sjå når toga går att.