Etter ei noko grå helg, kjem det ei veke med svært vekslande vêr. Vakthavande meteorolog Arnstein Tjøstheim ved Vervarslinga på Vestlandet opplyser at det faktisk kan bli torevêr torsdag.

– Det er litt langt å slå det fast, men torsdagen ser ut til å bli det ein får kalla den verste vêrdagen i veka som kjem. Då får vi heller glede oss over vêret vi får dei fleste av dei andre dagane, smiler Tjøstheim.

20 grader

– Ja, då er det vel langt meir hyggeleg å snakka om tysdagsvêret?

– Det er det. Tysdagen er vi rimeleg trygge på blir både varm og solrik. Det blir minst 15 grader, truleg så mykje som 20 grader. Litt vind blir det også, men det blir berre ein avkjølande bris.

For dei andre dagane neste veke, så er det fare for at måndagen startar med litt regn, før det går over til periodar med mykje sol og 12–13 grader.

Onsdag blir det periodar med sol og periodar med regn, og det kan også bli gløtt av sol torsdag. Fredag blir det så svært bra igjen, med mykje sol og temperaturar opp mot 14 grader.

Regn og sol i helga

– Kva med helga?

– Det er så pass langt fram at vi ikkje kan slå fast kor mykje nedbør det blir og kor mykje sol vi kan rekna med å få. Men, laurdagen kan bli ganske våt, medan søndagen ser langt betre ut, seier Tjøstheim.

– No er det endå lenger fram til 17. mai, men korleis ser det ut i dag kva vêr vi kan venta oss på nasjonaldagen?

– He, he. Det får bli ein spådom basert på slik det ser ut dag, men dette kan jo endra seg. Men, slik det ser ut i dag vil det koma varm luft og bli ganske mildt på nasjonaldagen. Det ser også ut til å bli opphaldsvêr, men dette kan som sagt endra seg. Vi får håpa, smiler Tjøstheim.