Styreleiar Andreas Wassbjer i Ds Øyrane AS, selskapet bak restauranten Bonasera på Øyrane torg, seier at nedstenginga av samfunnet har råka restaurantbransjen hardt og brutalt. – Å nå budsjettet i år kan me berre gløyme. I år blir det fokus på å overleve, fortel karen frå Sør-Sverige. Foto: Anders Totland

Frykta for Bonasera sin eksistens – no bretter dei opp ermene

Tysdag opnar Bonasera på Øyrane torg, etter over sju veker i koronakarantene. – Her skal ein trygt få kome og gløyme viruskaoset, seier Marta Kalita.