– Ja, vi må nyte finvêret no, seier vakthavande meteorolog Magni Svanevik i Meteorologisk institutt.

Starten av veka byr på dei finaste dagane.

  • PS: Har du tatt nokre fine sommarbilete? Merk gjerne bileta med #Bygdanytt på Instagram!

Varmt og fint

– Dei neste dagane er det ganske greitt vêr. Det er litt skyar på himmelen, men vi får nok lange periodar med sol også, seier ho og held fram:

– Det blir varmt og fint. Ikkje dei høgste temperaturane, men kring 20 varmegrader, kanskje litt under.

Måndag er det venta litt vind på kysten, men det vil roe seg i løpet av dei neste dagane.

Les også:

No kjem regnet

På onsdag kjem det derimot eit vêrskifte.

– Då byrjar det å bli litt meir skyar. Og på torsdag kjem det nedbør. Det skal bli ganske vått frå torsdag ettermiddag til fredag ettermiddag, seier Svanevik til Bygdanytt.

Prognosane for helga er foreløpig litt usikre, men meteorologen trur at det også kan bli vått i helga.

– Vi får unna det verste på torsdag og fredag. Laurdag ser litt betre ut og så kjem det inn eit nytt nedbørsområde på søndagen.

Nøyaktig når nedbøren vil kome, er for tidleg å seie noko om. Men, at vi får periodar med nedbør i løpet av helga, er Svanevik ganske trygg på.

– Så nyt finvêret no. Starten av uka vil ha dei finaste dagane, er oppmodinga frå meteorologen.