Ny periode med buss for tog

Frå og med torsdag til og med søndag blir det ein ny periode med buss for tog mellom Voss og Bergen.

Frå og med torsdag blir det fire dagar der det ikkje går eit einaste tog mellom Arna og Bergen.
  • Ronny Bertelsen
Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Bane NOR skal utføra arbeid på strekninga Bergen-Voss frå og med torsdag 15. mars 19. mars klokka 03.30 til måndag 19. mars klokka 03.30.

Det medfører eit redusert togtilbud, og mellom Arna og Bergen vil det ikkje gå eit einaste tog i denne perioden.

Nytt denne gongen er at bussane vil gå frå perrong K ved Bergen busstasjon, medan bussane som går til sentrum stoppar på perrong P. Tidlegare gjekk bussane til og frå plassen mellom jernbanestasjonen og Hotel Terminus.

Kvar perrong K er på busstasjonen finn du ut her. Plattform K ligg vis a vis godsterminalen.

Nye avgangstider

Marknads- og kommunikasjonssjef ved NSB Persontog hos NSB Vest, Henning Lirhus, opplyser at dei denne gongen også gjer ein annan svært viktig endring som dei reisande bør få med seg.

– Bussane frå perrong K vil gå etter oppsett togtabell, men med unnatak av nokre timar i den meste hektiske perioden om ettermiddagen torsdag og fredag, altså i den perioden pendlarane skal heim frå jobb. Då vil det gå buss kvart 6. minutt. Tidspunktet dette gjeld er frå litt før klokka 15 til like etter klokka 17, seier Lirhus.

Marknads- og kommunikasjonssjef ved NSB Persontog hos NSB Vest, Henning Lirhus.

– Korleis skal dei reisande, som gjerne skal vidare med buss frå Arna, finna ut nøyaktig kva tid bussane går frå Bergen for å rekka den korresponderande bussen?

– Alt no kan ein i NSB sin app eller på nsb.no finna ut kvar tid bussane vil gå frå Bergen, og det gjeld også dei bussane som vil gå kvart 6. minutt. Ettersom bussen bruker bruker litt lenger tid enn toget, så bør dei som skal vidare med buss frå Arna ta omsyn til dette i denne perioden, seier Lirhus.

Her kan det gjerne leggast til at ikkje minst fredag ettermiddag kan det vera fornuftig å legga inn ekstra god margin dersom ein skal rekka ein korresponderande buss i Arna. Køen på E16 fredag ettermiddag er ofte så stor at trafikken går i sirupfart.

Publisert:
  1. Tog
  2. Vy
  3. Arna
  4. E16

Mest lest akkurat nå

  1. Bedrifter med skyhøge ekstrautgifter til straum

  2. Arna helseheim: Så stor andel av de ansatte er uvaksinerte

  3. Ung sjåfør mistet lappen

  4. Slik kvitta Bjarte seg med 36,8 kilo på eit halvt år

  5. Nynorskandelen stuper i Arna – no tar dei grep for å berge skriftspråket

  6. Populær pizzakjede vil inn på Øyrane torg