Klokka 07.27 onsdag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Røskeland på Valestrand. Ein bil har sklidd or vegen. Farten skal ha vore låg, og føraren, ei kvinne i 20-åra, skal vera oppegåande og uskadd, melder politiet. Sjølve bilen skal ha moderate skadar.

Kvinna meldte sjølv frå om utforkøyringa.

Heile bilen er ute av vegen, så trafikken går som normalt.

Politiet varslar om at det er svært glatt på ulukkesstaden.

Bygdanytt sin reporter på staden rapporterer om «klink is».

Vegtrafikksentralen opplyser om at dei elles ikkje har fått inn meldingar om vanskelege køyretilhøve på Osterøy eller i Arna.