Plassmangel langs E16 har blitt ei utfordring for å få i gong ny veg.

– Viss me skal legga vegnormalen til grunn, så er det eigentleg ikkje mogleg å bygga ny veg her, seier Olav Lofthus i Statens vegvesen til NRK.

Han forklarar vidare at det store problemet er å finne lange nok dagsoner, altså ikkje i tunnel, der dei kan plassere vegkryssa.

Her er dei nøydde til å ha 1000 meter lang strekning i dagen. Det finn dei truleg berre i Sædalen over Vaksdal.

Olav Lofthus i Statens vegvesen og Cecilie Bjørlykke i Jernbanedirektoratet. Foto: Snorre Bang Utaker

NRK skriv vidare at det er særleg langs Sørfjorden at det er for dårleg plass. Løysinga er altså å legge vegkryss i fjell. Men for å kunne gjere det, er ein nøydde til å søkje Vegdirektoratet om lov.

Ifølgje Lofthus er prosjektet heilt avhengig av dette løyvet for å få til ny E16.

Mellom anna er det truleg snakk om to lange tunnelar mellom Arna og Stanghelle, med ein stasjon i dagen i Vaksdal der Coop Prix ligg i dag, skriv NRK.

* Les flere nyheter om Arna-Voss, E16 og Bergensbanen