Fredag blei skattelistene for 2016 gjort offentlege. Til saman betalte 4,2 millionar personlege skatteytarar 490 milliardar i skatt i 2016.

Tala i skattelistene gir ikkje eit fullstendig bilete av økonomien til folk. Personane står oppført med nettoinntekt, altså skattepliktig inntekt minus eventuelle frådrag dei har krav på. Det går ikkje fram kva for ei løn folk faktisk har.