Oppmodar alle til å la bilen stå
Det er ekstremt mykje vatn på vegen. Statens vegvesen oppmodar no alle til å la bilen stå.
Denne artikkelen er over fire år gammel
Dei kraftige regnbyene gjer at det blir fare for overvatn og vassplaning. I tillegg er fleire plasser utsett når det gjeld bekk- og elveløpsendring, jord- og flaumskred.
Det melder Statens vegvesen, som seier det kan bli stengde veger i løpet av kvelden.
Dei oppmodar no alle til å la bilen stå, om dei ikkje må vere på vegen.