Det er sendt ut farevarsel på gult nivå for nedbør i Hordaland og Sogn og Fjordane onsdag. Bakgrunnen er at det onsdag kan kome mellom 50-70 millimeter nedbør.

Meteorolog Arnstein Tjestheim i Meteorologisk institutt fortel at det i tillegg kjem til å kome ein del vind onsdag.

– Paraply er ikkje så mykje til hjelp, regnklede er det beste, seier han.

Våt onsdag

Tjestheim fortel at mesteparten av nedbøren er venta å kome frå midt på dagen og fram til onsdagskvelden.

– Det er eit nedbørsområde som passerer, og så blir det lettare ut på kvelden igjen, forklarar han.

– Kor mykje nedbør vil vi få i Arna og på Osterøy?

– Det er vanskeleg å seie, men kanskje mellom 20-35 millimeter.

Ifølgje meteorologen vil store deler av nedbøren kome i løpet av seks timar.

– Så det er ein del nedbør det er snakk om.

På grunn av det kraftige lågtrykket som kjem innover Vestlandet onsdag, er jordskredfaren auka til gult nivå.

Betre til helga

Frå torsdag av kjem vêret til å bli betre, sjølv om vi vil få nokre regnbyer her og der.

– Det blir byevêr både torsdag og fredag, men det kan vere vi får litt sol også fredag.

Laurdag er det venta enkelte byer, men meir opplett og moglegheit for sol.

– Søndag blir det truleg opphaldsvêr, men ein litt kjølig vêrtype, fortel meteorologen.