– I områdesatsinga har me fokus på stad og folk. I dette ligg både teknisk opprusting og standardheving, å bidra til sosial og kulturell utvikling, samt etablering av ein arena for felles dialog.

Det fortel Mary Alice Økland, programleiar for områdesatsinga i Bergen.

No nærmar programmet seg slutten.

Nøgd med resultata

Det vart tidleg laga ein handlingsplan for korleis områdesatsinga skulle gjennomførast i Ytre Arna. Mange av måla er snart nådd, kan Økland fortelje.

– Eit viktig mål har vore å skapa gode møteplassar, spesielt for barn og unge, og her har det kome gode aktørar på bana. Blant anna har områdesatsinga gjeve tilskot til Kulturhuset Sentrum, bidrege til ny bibliotekverksemd og rusta opp Sætreparken, seier ho.

I den førre planen for områdesatsinga for Bergen kommune, lagt fram for bystyret i 2021, er det vedtatt at områdesatsinga skal fasast ut Ytre Arna.

Områdesatsinga har blant anna bidrege med oppryddinga av Elvejuvet i Ytre Arna. Foto: Kari Ingvaldsen v/Bergen Kommune

– No jobbar me med ei utgreiing som skal leggjast fram for bystyret i løpet av året, der me ser på akkurat dette. Kva utfordringar og arbeid står att, og korleis kan andre delar av kommunen forsterkast, fortset ho.

Eit spørsmål dei prøver å finna ei løysinga på, er korleis kommunen kjem til å retta si merksemd mot Ytre Arna utan områdesatsinga.

– Korleis kan kommunen etablera ein tryggleik om at dei faktisk er til stades, seier koordinator for områdesatsinga i Ytre Arna, Torben Blindheim, og legg til:

– Stikkordet er berekraft. Korleis kan dei lokale organisera seg for å bli ei stemme som skal fortsette å samarbeida med kommunen?

Områdesatsinga har blant anna gjeve tilskot til Kulturhuset Sentrum. Foto: Tomine Berge

Jobbar med å sikra framtida

Under Kulturdagane i Arna inviterte områdesatsinga innbyggarane til å kome med tilbakemeldingar, og då var det særleg ein ting som gjekk att.

– Fleire er bekymra for kva som skjer når områdesatsinga vert utfasa og tilskotsordninga til områdesatsinga forsvinn, fortel Blindheim.

– Me kan ikkje i dag gje det fulle svaret. Fyrst får me innspel frå innbyggarane, og så skal me saman med andre delar av kommunen finna ut korleis andre tenestar kan forsterkast. Då vert dei økonomiske tilskota ein del av diskusjonen, fortset han.

Det er politikarane som til slutt må bestemma framtida til Ytre Arna.

– Det er jo eit program, og det varar diverre ikkje evig. Det er ein ekstraordinær innsats i nokre år, med statlege midlar frå Husbanken, seier Økland.

– Men det skjer jo ting i Ytre Arna utanom områdesatsinga. Me lever jo ikkje i eit vakuum. For eksempel vert Ytre Arna skule fornya. I tillegg er det andre viktige aktørar her, og spesielt det at Oleana kom til Ytre Arna har vore eit eventyr! Det er veldig positivt at det er så mange sterke lag og foreiningar i området.