13 sider i papiravisa som kom ut i dag, er feil. Dei skulle stått på trykk i søsteravisa vår, på andre sida av Osterfjorden. Feilen har skjedd på det felles trykkeriet vårt.

Eg må berre beklage overfor alle lesarane som har fått avisa i dag, og som er skuffa over innhaldet.

Eg vil óg beklage overfor annonsørane som har fått annonsa si i feil avis. Dei vil verte kontakta av marknadsavdelinga vår. Dette er slike feil som ikkje skal skje, men som likevel skjer.

Dei fleste sakene som ikkje kom med på korrekt måte i papiravisa i dag, vil du finne i papiravisa på tysdag.

E-avisa vår er heldigvis ikkje råka, og inneheld gode, lokale saker og relevante annonsar.

Igjen: Eg beklagar overfor dei det gjeld, og eg kan forsikre om at vi gjer det som er mogleg for at dette ikkje skal skje igjen.

Beste helsing, Eirik Langeland Fjeld, ansvarleg redaktør