Bygdanytt er på Norway Cup heile veka

Fotball, sommar, is, leik, kultur, venskap, forelsking og konkurranse. Verdas største fotballturnering for barn og unge er ei oppleving - og vi vil gje deg fyldige smakebitar heile veka.

Publisert:

Bygdanytt dekker heile folkefesten - frå første ballspark sundag 27. juli til siste andedrag 3. august. Foto: Nsaa, CC 3.0/Eirik Langeland Fjeld

  • Anders Totland
  • Eirik Langeland Fjeld
Denne artikkelen er over ett år gammel
  • Er du på Ekebergsletta, eller vil tipse vår journalist Anders Totland? Send gjerne tekst, video og bilde til at@bygdanytt.no.

1750 lag frå om lag 40 ulike nasjonar deltar i årets Norway Cup.

Over 5000 kampar. 500 dommarar og 1500 frivillige gjev sitt ytste for at alle får ei oppleving for livet.

Full rulle frå morgon til kveld. Sport. Kultur. Sosialt.

Les også

Bygdanytt er på Norway Cup heile veka

Det er klart for Norway Cup 2019.

– Lokalavisene er til stades for å dekke det som skjer i våre område, og det er mange lokale lag som tar turen, seier journalist Anders Totland.

I år kjem òg Fri tilbake til Norway Cup som stiller med eitt lag.

Han er til stades på Ekebergsletta heile veka, og kjem til å rapportere heim til Bygdanytt sine lesarar.

Les også

Laga gjer seg klare til årets store fotballhøgdepunkt

Det var tørt og veldig varmt under 2018-utgåva av Norway Cup. Det ser ut til å bli like forhold i år. Foto: Anders Totland

Fokus på fun

Det vert tradisjonelle avissaker og mange bilete, men óg drypp i sosiale medium.

– Eg kjem ikkje til å leggje vekt på å vere først med kampfakta. Eg skal ikkje drive ein resultatservice, men heller snakke med spelarar, trenarar, familie og arrangørar. Eg vil formidle stemninga og folkelivet, seier Totland, som er på plass på Sletta laurdag ettermiddag.

Opningsparaden startar klokka 17 ved Ekeberg camping.

Ein time seinare får i underkant av 30 000 deltakarar servert ein heidundranes opningsshow med, mellom anna, Tix, Morgan Sulele, Victoria, Madden, Adelén, Chris Holsten, Sjur, Emma og ZadeKing.

Les også

Kenyanske Florence sjarmerer «hele» Norway cup

Les også

Reporteren som lever for lokalfotballen

Florence Awino Opiyo frå Valestrand Hjellvik var dommar i 2018. Stemninga var veldig god blant del om lag 500 dommarane som deltok i NC. Foto: Anders Totland

Berekraftig og best

– Er alt klart for årets Norway Cup, presseansvarleg, Kjersti Rønholt?

– Alt er klart, smiler ho.

– Dei lærde stridast om denne faktaen: Er Norway Cup verdas største turnering, eller er det Gothia Cup i Sverige?

– Me har ikkje fokus på å vere størst, men me vil vere best. I år er har me eit fokus på å arrangere eit berekraftig arrangement. Me vil, til dømes, byte ut all plast med fornybare materiale i mathallen, informerer Rønholt.

Les også

Norway cup i bilder

Hausvik stilte mannsterke i 2018. I år er det ingen «Vikje-folk» å sjå på Sletta. Foto: Anders Totland

Heitt og klamt i 2018. Det blir like varmt for Vidar Rosnes og co i år. Han skal vere trenar for to OIL-lag på Ekeberg. Foto: Anders Totland

Blir ekstremvarme - hugs vatn

Det er meldt om flotte forhold på Ekebergletta to dagar før turneringa sparkast i gang.

– I fjor var det tørt og veldig varmt. Det same seier meteorlogen vil skje i år. Korleis taklar arrangementklubben desse forholda?

– Det skal gå bra. Baneforholda er betre enn i fjor då det har regna ganske bra i Oslo før denne veka. Når det gjeld varmen så har me vannstasjonar over heile området, og me vil vere tilgjengelege med hjelp om folk treng det, fortel Rønholt.

Les også

Bittert finaletap for Osterøy-heltinnene

Les også

Norway cup-general forstår heteproblemer

– Har du tips til alle deltakarane som kjem til tropevarmen på Ekeberg?

– Drikk vatn. Ha med solkrem, og drikk meir vatn. Og ha det kjekt, jublar pressesjefen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Dette er eit av landets yngste polititeam

  2. – Denne sjukdomen bør ingen møta åleine

  3. 19 nye smittetilfeller og nytt dødsfall i Bergen siste døgn

  4. MC-tyveri fra trafikkskole og innbrudd på kirkekontoret

  5. – No må folk i Arna snart reagera!

  6. Terga på seg Bullahuset-arvingen

  1. Norway Cup
  2. Fotball
  3. Frivillige
  4. Il Fri
  5. Osterøy IL