Av dei totalt 1.004 som har omkome i brann sidan år 2000, døydde 141 i desember. Det er nesten tre gonger så mange som i august, melder NTB.

«Aksjon boligbrann» set søkjelyset på branntryggleiken i desember. I perioden 5.–7. desember får opp mot 40.000 husstandar over heile landet besøk av brann- og feiervesen og det lokale elektrisitetstilsyn med tilbod om ein enkel kontroll av branntryggleiken i bustaden.

– Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol, seier brannsjef Leif Linde.

Rekordfå offer i 2017

Til trass for den auka brannfaren i desember og januar, har mengda omkomne i brann sokke kraftig dei siste åra.

Aldri før har det omkome færre menneske i brann i Noreg enn i 2017. Det viser ferske tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

I 2016 daude 40 menneske i brann, medan gjennomsnittet sidan 1979 har vore 64 brannoffer årleg. I 2017 har berre 22 omkome i brann.

– 2017 teiknar eit vendepunkt for branntryggleiken. Dette er ei formidabel utvikling i riktig retning. Vi ser òg at mengda brannar generelt går ned i Noreg, seier Øyvind Setnes, førebyggingekspert i Tryg Forsikring.

Det blir likevel anslått at ein halv million menneske bur i bustader utan fungerande røykvarslarar, og Setnes åtvarar mot faren det kan utgjera.