Nattoget frå Oslo var på veg til Bergen med om lag 400 passasjerer, då lokføraren ved 06.30-tida oppdaga flammane og greidde å stoppa toget før det nådde flammane i tunnelen ved Trengereid.

Alternativ transport

Det skal ha vore ei køyreleidning som tok fyr, og folk frå brannstasjonen i Arna rykka raskt ut og fekk kontroll på situasjonen.

NSB skriv på heimesida si at strekninga mellom Arna og Trengereid no er stengt for togtrafikk fordi det er problemer med strømtilføringa. Dei reisande må difor rekna med forsinka tog og innstilte tog. NSB jobbar med å organisera alternativ transport.

Store skadar

Kommunikasjonsrådgjevar Ingunn Halvorsen i Bane NOR veit ikkje kva tid banen vil opna igjen.

– Folka våre er no i tunnelen og har fått oversikt. Det er store skadar på signalanlegget, samt skadar på telekabler og køyreleidning. Dei sikrar no staden og startar reparasjonsarbeida, seier Halvorsen.

Signalmontør Marius Jørgensen i Bane NOR, som er på plass for å fiksa skadane, opplyser til Bygdanytt at det elektriske anlegget ved inngangen til tunnelen har store skadar.

KANSKJE I KVELD: Signalmontør Marius Jørgensen i Bane NOR (t.h.) håpar at dei kan sleppa toga forbi Trengereid igjen rundt 20-tida i kveld, men dei kan ikkje garantera noko. Stian Hindenes (t.v.) er telemontør. Foto: Anders Totland

– Vi ventar på deler både frå Bergen og Voss, så vi kan ikkje seia noko no om kva tid toga kan passera her, seier Jørgensen.

Bygdanytt har snakka med folk på staden, og dei rosar både lokføraren for hans raske reaksjon, og at passasjerane var flinke å hjelpa kvarandre opp bakken og opp i hovudvegen.

Dersom du har tips til oss i denne saka kan du ringe 90 17 21 66, senda e-post til tips@bygdanytt.no eller senda oss ei melding på Facebook.