Etter at klesbutikken Zavanna kunngjorde at dei flyttar ned til der Sarepta held til i dag, og at me i Bygdanytt har flytta opp ein etasje på Øyrane torg, er det mange som har undra seg på kven som overtar dei ledige butikklokala.

– Det er den populære butikkjeda Normal. Det er kjempekjekt å dele denne nyheita. No trur eg mange arnabuarar gler seg til opning, kan senterleiar Vibeke Myhren annonsere muntert via telefon.

  • Normal er ei dansk butikkjede som opna sin aller første butikk i Silkeborg i 2013. No er dei å finne over heile Europa. Normal-skiparane har omtalt butikken som ein hybrid mellom ein daglegvarebutikk og ein butikk med artiklar til personleg pleie. Dei sel alt frå vaskeprodukt til sminke.

Her vil truleg inngangen til den nye butikken kome. Foto: Anders Totland
Normal er ei dansk butikkjede som er å finne i heile Europa. No kjem dei til Øyrane. Dette biletet er frå opninga i Knarvik senter i 2021. Foto: Henrik Hauken

Opnar ein gong i haust

– Når er det venta at Normal skal opne butikken, Myhren?

– Det er litt tidleg å seie akkurat no fordi det er ein del ting som må på plass. Zavanna skal flytte ned og Sarepta skal flytte bort til dei gamle Narvesen-lokala. Men me trur det vil skje ein gong i haust, presiserer ho.

Vibeke Myhren er særs glad for at Normal kjem til Arna. Foto: Anders Totland (arkiv)

– Korleis har prosessen med Normal vore?

– Den har pågått ei stund for det har vore krevjande å finne nok areal til dei, men no har me landa ain avtale, og det er særs gledeleg. Me trur butikken blir eit viktig og veldig bra tilbod for alle våre kundar, seier Myhren.

Om du ikkje visste det frå før, så er me i Bygdanytt no i tredje etasje. Like attmed rekneskapsfirmaet Hagel. Foto: Anders Totland

Blir mange nye fjes i etasjen

Landssjef i Normal, Thomas Harsvik meiner butikken vil bli eit flott tilskot til den stadig veksande Normal-familien.

– Det er utroleg gøy at både liten og stor har omfamna Normal-konseptet rundt omkring i Noreg, og me håper og trur at kundane som besøker oss når me opnar på Øyrane torg og vil glede seg over varene me tilbyr og over konseptet vårt, seier han til Bygdanytt.

– Kor mange nye tilsette blir å sjå i butikken?

– Vanlegvis har ein Normal-butikk om lag 10 til 15 tilsett i ulike stillingsbrøker.

Her frå opninga i Knarvik. Foto: Henrik Hauken (arkiv)
Det var lange køar under opninga i Alver for to år sidan. Foto: Henrik Hauken (arkiv)