Øystein Lone hadde 20 år frå Mjøs metall bak seg før han takk ja til stillinga som lærar ved Osterøy vgs. – Det er spennande å gjere noko nytt, fortel den erfarne ingeniøren. Ved sidan av står VG2-eleven Anders Larsen, som går teknologi- og industrifag. Alle foto: Anders Totland.

Satsar på eksperthjelp for å løfte ungdommen inn i arbeidslivet

Osterøy vidaregåande har nyleg tilsett fem lærarar kor fire av dei har bakgrunn frå høgprofilerte stillingar i industrien og næringslivet. – Dette er vegen å gå for å få gode lærlingar, seier Anders Larsen (17).