SOLCELLEMERD: I ein merd som ligg ved Lerøy seafood sitt anlegg på Skaftå er fisk byta ut med 25 solcellepanel som er festa på ein plastduk. Osterøy-ordførar Jarle Skeidsvoll håpar Børge Bjørneklett (t.v.) og Arnt Emil Ingulstad i Ocean Sun skyt blink med denne forskinga på ny energi. Foto: Ronny Bertelsen

– Klar det er utruleg spennande for ein kommune som Osterøy å vera ein del av eit så spennande forskingsprosjekt, nærmast jublar Osterøy-ordførar Jarle Skeidsvoll (KrF).

Måndag var han, grundarane bak Ocean Sun, samt folk frå BKK Nett, BKK Grøn Invest og BKK Innovasjon og Utvikling til stades på Skaftå for å presentera prosjektet for bergensmedia.

Patent

Og opplegget er like enkelt som det er genialt. Ein merd av same type som blir brukt i oppdrettsnæringa. Med unnatak av at ein plastduk ligg over sjøen, og på plastduken blir det festa solcellepanel. Det er så genialt at Ocean Sun har tatt patent på - enkelt sagt - denne måten på bruka solcellepanel på.

Børge Bjørneklett, som eig rett over halvparten av Ocean Sun, forklarer at marknaden er enorm for denne måten å produsera energi på. Særleg Søraust-Asia er marknaden gigantisk.

– Alle land her som har ei kystline kan bruka denne måten å skaffa energi både til næringslivet og innbyggarane. Det er billeg å bygga ut, og det er ikkje minst miljøvenleg, seier Bjørneklett.

Oppdrettsnæringa

Det som er særleg gunstig med å ha solcellepanel flytande på havet er at i svært varme strok blir solcellepanela gjerne 60–70 gradar. På havet blir dei kjølt ned til nesten ein tredel av dette. Dermed får ein om lag ti prosent meir energi ut av panela, og det er mykje.

I mange land har ein heller ikkje areal ein kan ta i bruk til å bygga ut energiproduksjon. Havet ligg der, og utbyggingskostnaden er svært låg. Men, solcellemerdene bør sjølvsagt ikkje plasserast i skipsleia.

LUN VIK: Sollcellemerden toler høge bølgjer, men på Skaftå har ikkje merden akkurat blitt sett på dei store bølgjeprøvene. Foto: Ronny Bertelsen

– Dette kan vel aldri bli ein «hit» her i landet, med lite sol og låg kraftpris?

– Dette er nok først og fremst mest spennande for oppdrettsnæringa. Dei bruker som regel dieselaggregat for å skaffa straum til anlegga, og kostnaden med dette er samla over 3 kroner per kwh. Med eit solcelleanlegg kan dei spara pengar, samt at dei får ein betre miljøprofil, argumenterer Bjørneklett.

Investorjakt

Å utvikla noko nytt tar tid og kostar pengar. Eigarane av Ocean Sun har i tillegg å spytta inn eigenkapital i utviklinga av prosjektet, fått støtte av Innovasjon Norge og frå NVE, gjennom svært positive signal frå BKK. Samla er det snakk om 12 millionar kroner over to år.

– Vi er svært takksame for at BKK har vist så stor interesse for prosjektet. Vi har også eit samarbeid med REC, Hydro aluminium, samt Lerøy Seafood og Grieg seafood, seier Bjørneklett.

– Er de på jakt etter investorar som kan gå inn med kapital?

– Ja, men det har vist seg vanskeleg å få med norske investorar. Utanlandske investorar har vist interesse, så vi får sjå, seier Bjørneklett.

«Det grøne skiftet»

Han reknar med at dei vil ha det første store anlegget klart til våren, medan han håpar at dei vil vera klare til å selja heile systemet i 2019–2020.

Line Bergfjord i BKK Nett opplyser at det i BKK sitt område er om lag 100 oppdrettsanlegg som bruker dieselaggregat. Jarle Skeidsvoll håpar at i alle høve oppdrettarane rundt Osterøy vil vurdera å gå over til solkraft når dette kjem på marknaden.

– Dette er eit skuleeksempel på det vi snakkar om når vi bruker orda «det grøne skiftet». Eg trur oppdrettarane rundt Osterøy vil sjå på dette som spennande, og flott at Lerøy seafood er ein av samarbeidspartnarane, seier Skeidsvoll.