– Å vise litt kjærleik må jo vere lov, seier Jahn Ove Hanstveit (t.h) spøkefullt idet han gjer pølsemakar Pål Slettebakken eit venleg kyss på kinnet. «Den hemmelege pølsefabrikken» på Valestrand har gått frå å vere ei lita kompisbedrift til eit stort eventyr. Foto: Anders Totland

Livet smiler til dei pølsefrelste handverkarane

Pølse-eventyret starta med eit lånt kjøkken og ei tynn ordrebok. Dryge tolv månader seinare sel «Den hemmelege pølsefabrikken» fylte grisetarmar for fleire hundretusen.