Søndag klokka 13.48 fekk politiet melding om at to bilar hadde kollidert front mot front på E16 ved Festtangen i Arna. Alle naudetatane rykka ut, og dei tre involverte, ei kvinne (63) og to menn (53 og 70), blei sendte med ambulanse til Haukeland universitetssykehus med alvorlege skadar.

Bilane fekk store materielle skadar, og E16 var stengt i om lag ein time, noko som førte til lange køar og store trafikale utfordringar då mange i staden tok gamlevegen rundt Ytre Arna. Dette er ikkje ein veg som blir tilrådd som omkøyringsveg.

Ikkje beslag

Politiet hadde måndag morgon ikkje avhøyrt alle involverte enno, men politioverbetjent Endre Laukeland opplyser at dei har ein førebels konklusjon.

– Det var glatt i området, og så langt tyder alt på at ulukka skjedde fordi den eine bilen fekk vassplaning og kom over i motsett køyrefelt, seier Laukeland.

– Så ingen er fråtatt førarkortet etter ulukka?

– Nei, det skal det ikkje vera, stadfester Laukeland.