Åtvarar mot stor skogbrannfare

Med mykje sol og lite nedbør aukar skogbrannfaren. No er det send ut obs-varsel for Vestlandet.

Eingongsgrill er verstingen, meiner Osterøy brann og redning.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fem år gammel

Skogbrannfaren er allereie stor mange stader, og no er det venta at den skal bli endå større.

Årsaka er mykje sol, varme dagar og ingen nedbør. Det er i alle fall prognosane til Meteorologisk institutt.

Les også

Her hives det innpå med varer til folk i strålende vær. Det må de fortsette med

– Pass på grillen

På Yr er det send ut obs-varsel for Vestlandet sør for Stad, melder NTB. For alle områda gjeld oppmodinga om at folk må vere forsiktige ved bruk av eld.

– Spesielt no som det er så fint og varmt. Vi har hatt ein del eingongsgrillar som har stått igjen ute og tatt fyr i terrenget. Så ver forsiktige, seier Ole Jacob Hartviksen i 110-sentralen og legg til:

– Og ikkje hiv frå deg sneipar og den slags.

Eingongsgrill er verstingen

Hartvigsen oppmodar folk til å elles sette seg inn i dei reglane som gjeld for kommunen.

– Du finn reglane på heimesida til kommunen din og hos brannvesenet, seier han.

Også utrykkingsleiar Jørn Torp i Osterøy brann og redning ber folk om å vere forsiktige.

– Ikkje ta med eingongsgrill ut i naturen, i alle fall ikkje i fjellet. Det er verstingen, seier han og oppmodar heller folk om å velje egna stader for grilling.

Og særleg ein ting må ein hugse på:

– Ha med deg vatn og ver sikker på at grillen er slokna før du drar frå staden.

Publisert: