Nyleg lyste kommunen ut stillinga som barnevernsleiar.

Her gå det fram at dagens leiar, Jane Kollvangsnes Tønjum, skal gå av med pensjon og at kommunen er på jakt etter den som skal erstatta ho.

Kommunen skriv at den nye leiaren vil vera med å utvikla og bygga tenesta, som har åtte årsverk, inn i framtida.

Les også:

Kommunen er på jakt etter ein som mellom anna har høgare utdanning innan helse og sosial eller anna relevant utdanning, god kunnskap og relevant arbeidserfaring frå barnevernet, leiarerfaring med dokumenterte resultat og god kjennskap til lov og avtaleverk i offentleg sektor.

– Stort tap

Rådmann Ingvild Hjelmtveit opplyser at barnevernsleiaren har vald å pensjonera seg ettersom ho har alderen for å gjera det.

– Eg har forståing for at ho no heller vil prioritera barn og barnebarn i tida som kjem, seier Hjelmtveit.

– Kva tykkjer du om at barnevernsleiaren har vald å pensjonera seg no?

– Det er eit stort tap for kommunen at ho no vel å pensjonera seg. Ho har vore ein trugen, samvitsfull og dyktig barnevernsleiar, seier Hjelmtveit.

Kollvangsnes Tønjum har ikkje svara på om ho ønskjer å kommentera oppseiinga si.