I byrjinga av august i år omtalte Bygdanytt eit varsel frå ein tilsett i barnevernet som peika på alvorlege forhold, der tilsette blir utslitne og sluttar grunna dårleg arbeidsmiljø.

Som om ikkje det var alvorleg nok, greidde kommunen å identifisera kven varslaren er i eit ope møtereferat som kven som helst hadde tilgang til i postlista til kommunen.

No har saka tatt ei ny og langt meir alvorleg vending. Onsdag behandla formannskapet eit varsel sendt direkte til ordføraren som omhandlar forholda i barnevernet. Varselet gjeld alle leiarane, frå nærmaste leiar og opp til rådmannen.

Saka blei behandla bak lukka dører, medan vedtaket til formannskapet er offentleg.

Formannskapet vedtok altså samrøystes å senda varselet til Arbeidstilsynet med tanke på at tilsynsorganet skal gjennomføra eit tilsyn i barnevernet og varslingsutvalet sitt arbeid og prosessar.

Ordførar Lars Fjeldstad opplyser at han alt har kontakta Arbeidstilsynet.

Men kva er det som står i det svært omfattande varselet ordføraren har fått? Brevet inneheld så mykje informasjon som er omfatta av forvaltningslova og offentleglova sine krav til teieplikt at store deler av innhaldet ikkje er offentleg.

Kortbart innsyn

Onsdag i førre veke søkte Bygdanytt innsyn i varselet, og fredag opplyste ordføraren at han trong juridisk hjelp til å vurdera kva som må sladdast før det kan bli offentleg.

Det tyder at eit advokatfirma snart har brukt ei veke på å vurdera dette. Rekninga kommunen vil få for jobben vil truleg vera på mange titals tusen kroner, men ordføraren opplyser at kommunen ikkje har fått rekninga for denne jobben.

Alf Terje Mortensen (Frp) presiserer at han ikkje kan kommentera detaljane i varselet ut over at dersom det stemmer, så er dette svært alvorleg.

– Det er eit svært omfattande varsel, og eg er glad for at vi no ber Arbeidstilsynet sjå på saka, seier Mortensen.

– Endå mindre tillit

– Kva konsekvensar bør denne saka få?

– Det er det for tidleg å ta stilling til no. Vi må først få svara på bordet, seier Mortensen.

– Bør saka også sendast til kontrollutvalet?

– Det er det opp til heradsstyret å ta stilling til, og i så fall vil Frp stilla seg positiv til det.

– Korleis reagerer du på at kommunen no bruker store summar på å sladda eit dokument Bygdanytt har bede om innsyn i?

– Det er nesten ikkje til å tru, men det er viktig at alt som etter lova har det offentlege si interesse skal fram i lyset. Men eg støttar ordføraren i at dette blir gjort skikkeleg, sjølv om det kostar oss store summar, seier Mortensen.