Er du glad i varme og solrike dagar kan du berre gle deg - prognosane til meteorologen viser at vi kjem til å få ei svært fin veke i Arna og på Osterøy.

– Langtidsprognosen vår strekk seg til slutten av mai. Det blir stort sett pent vêr i ti dagar, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt.

Varme dagar

Mykje sol, lite skyar og temperaturar på om lag 20 grader på dagtid er det vi har i vente neste veke.

– Ser veldig bra ut, kommenterer meteorologen.

Riktig nok kan det vere litt skyar på himmelen måndag, og det er fare for litt regn på ettermiddagen neste helg, men der er prognosane framleis usikre.

– Vi får sjå om regnet dukkar opp, det er enno langt fram i tid. Så er det også ofte lokale, så det er ikkje alle plassar som nødvendigvis får regn til helga, legg Fagerlid til.

Tørr og fin veke i vente

– Kva dag er det som ser best ut?

– Det er kanskje mot slutten av neste veke. Då ser det ut til å bli litt varmare, men samtidig er det også større sjansar for regnbyer på ettermiddagen. Stort sett ser det eigentleg tørt og fint ut neste veke. Det blir ganske bra vêr eigentleg, seier han.

– Så sommaren har alt kome?

– Ja, sommaren kom tidleg i år. Vi har jo eigentleg ikkje byrja på sommaren enno, men mai kan nok definerast som ein sommarmånad i år med dette vêret her, seier Fagerlid nøgd.

– No er det berre å kome seg ut og nyte finvêret?

– Ingen grunn til å stresse, du har god tid. Dette finvêret ligg her lenge, ler han.