Sjå tabell med opplagstal for alle avisene i Hordaland i bunnen av saka.

Onsdag morgon vart opplagstala for første halvår 2019 lagt fram av Medibedriftenes Landsforening (MBL) og Landslaget for lokalaviser (LLA).

Bygdanytt sitt opplag går samla sett opp med 125 frå 5030 andre halvår 2018 til 5155 første halvår 2019.

– Heilt vilt! Dette er jubeltal, sier ansvarleg redaktør, Eirik Langeland Fjeld.

Rekord - igjen!

– Aldri før i historia har so mange lest Bygdanytt! Vi sette "all time high"-rekord med Bygdanytt-opplaget i fjor. So har framgangen fortsett. Dette er fantastisk!

Det siste året er arbeidet i Bygdanytt omorganisert, slik at dei digitale oppgåvene står i sentrum. Det er i dei digitale kanalane avisa no veks.

– Journalistikken vår skal ha eit solid og berekraftig, økonomisk fundament å stå på på den andre sida av det digitale skiftet. Utviklinga i Bygdanytt er særs gledeleg, og framtida ser lys ut for avisa. Dette går rett veg.

Med slike tal, er det lov med litt skryt til både journalistar og marknadsavdeling.

– Dette er litt av ein gjeng, slår redaktøren fast.

Ni av ti med digi-tilgang

– Norske medium er ein viktig del av folks kvardag, derfor er det positivt at mediehusa held fram å få med seg lesarane over på dei digitale flatene. At brukarane er villig til å betale for det gode innhaldet, lovar godt framover, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey i MBL til NPK/NTB.

Ifølgje MBL er den dominerande betalingsmodellen komplett, altså papiravis og digital tilgang i eitt og same abonnement. Denne typen utgjer 52 prosent av opplaget.

Veksten for det reine digitalopplaget held fram, og ni av ti abonnement er no med digital tilgang, medan seks av ti abonnement framleis inkluderer papirutgåver.

Omtrent uendra for lokalavisene

Lokalavisene held seg omtrent på same nivå. Opplagstalet for dei 110 LLA-avisene var 351.000, ein nedgang på marginale 0,3 prosent.

– Det er godt å sjå at opplaget til lokalavisene er nokså stabilt. Vi gler oss òg over LLA-avisene si satsing på digital innovasjon, seier generalsekretær Rune Hetland.

Dei ti største

Dette er dei ti største norske mediehusa basert på opplagstala for første halvår 2019:

  1. Aftenposten 252.000

  2. VG (inkludert VG+) 250.000

  3. Dagbladet (inkludert. Dagbladet Pluss) 91.000

  4. Bergens Tidende 83.000

  5. Adresseavisen 67.000

  6. Stavanger Aftenblad 62.000

  7. Fædrelandsvennen 37.000

  8. Aftenposten Junior 30.000

  9. Klassekampen 30.000

  10. Morgenbladet 30.000