Ein av dagane får me eit solid «touch» av vår

Meteorologen spår flotte dagar i vest.

Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

– Onsdag kan det rett nok koma eit par mindre regnbyer, men mot kvelden skal det klårna opp, seier vakthavande meteorolog Ingrid Bentsen.

Etter oppklårninga onsdag kveld vil det bli gradvis betre vêr idet det dreg seg mot torsdag, og ifølgje Yr.no kan me få oppleva så mykje som 15 varmegrader på torsdag.

Bentsen vil likevel ikkje garantera noko.

– Om det blir 15 eller 13 eller 14 er ikkje godt å seie, men det blir i alle fall fint vêr slik prognosane ser ut no. Det same gjeld i grunn også for fredag, men då kan nok skyddekket vera noko meir variabelt og slik kjem det til å vera gjennom helga, informerer meteorologen.

Les også

Særleg ein dag ser lovande ut

Uansett om det blir 13, 14 eller 15 grader og blå himmel på torsdag, må det kunna kallast eit solid touch av vår – i alle fall her i vest.

– Det blir gode temperaturar på over ti grader gjennom heile helga, i alle fall på dagtid, seier Bentsen.

Publisert: