Minneord: Kjære onkel Tom!

Det var ikkje på denne måten det skulle bli slutt,

eg skulle så gjerne ønska me fekk meire tid med deg,

for å gjera alle dei gøye tinga me pleide å gjera med deg.

Som for eksempel å gå ut på grilltur med deg,

og fiska og reisa ut med båten din

eller å sitja på med ATV-en din

mens du kjørte rundt på bakkane.

Eg skulle så gjerne ønska eg sa ja

til å vera med på alle dei tinga eg takka nei til.

Og eg kjem til å savna å reisa ut

med den KULE båten din

og kjøra ATV-en din

men mest av alt

vil eg savna det snille og fine smilet ditt

og det varme og elskende hjertet ditt.

Du var ein god onkel, pappa, venn, kjæreste, sønn,

ka du enn måtte vera for alle dei personane

som er blandt oss.

Men akkurat no vil eg sei

at du var elska

av alle personane som var rundt deg

og eg vil sei eit aller siste hadet

til verdens beste, kulaste og snillaste

onkel på denne jord

og at eg er såååååå glad i deg!

Mathilde (13) har skrive dette minneordet, som avisene Strilen og Bygdanytt har fått tilsendt frå Mathilde og familien.