Send oss ditt 17. mai-program
17. mai nærmar seg med stormskritt. Sit du i ein 17. mai-komité i di bygd? Då vil me høyre frå deg.
Publisert:
Det er under fire veker til nasjonaldagen, og Bygdanytt skal vere både høgt og lågt den store festdagen.
Men me treng å vete kva du skal finne på.
Kva skjer rundt din skule eller i bygda di? Blir det tale, salutt, fiskedam og lykkehjul?
Våre journalistar skal farte rundt i Arna og på Osterøy for å skape uforgløymelege minne i di lokalavis, så gjerne send oss tips om kor me bør vere.
Send inn ditt 17. mai-program til at@bygdanytt.no, så vil programmet kome med i god tid før sjølve dagen.
Absolutt siste frist for å sende inn program er 7. mai!
Publisert:
Mest lest akkurat nå
Roger i tårer etter gladmelding: – Hadde eg hatt ei flaske champagne, så hadde eg spretta ho no
En person skal være skadet etter slagsmål i Arna
Se video: Her suser sykkelsirkuset gjennom Arna
– Det er ei skam. No må noko gjerast
Har rusta opp fleire snarvegar – dette blei prislappen
Familien kom på ein genial idé og satsa stort: – Dette er ei investering for framtida