Det vart meldt om to ulykker med kort tids mellomrom fredag kveld.

Osterøy

Den eine, ei ulykke på Osterøy, blei meldt rundt klokka 18 fredag kveld. Ein mopedist skal ha blitt påkøyrt av ein bil, opplyste politiet.

– Der er ein moped som er påkøyrt av ein bil. Førar klager over smerter i ein fot. Dei på staden har flytta seg litt vekk no, ambulanse er akkurat kommen fram, sa Terje Magnussen i politiet klokka 18.20.

Hendinga skal ha skjedd på fylkesveg 360, ikkje langt unna Bruvik.

Trafikk kunne passere forbi ikkje lenge etter hendinga.

Samnanger

Det blei også meldt om ei ulykke ved avkøyringa mot Rolvsvåg i Samnanger klokka 17.41. Der vart éin person flydd til Haukeland sjukehus med luftambulanse, medan ein annan blei køyrt i ambulanse. Der er det meldt om store materielle skadar. Ytterlegare ein person til skal ha komme frå det utan fysiske skadar.

Det skal dreie seg om ein frontkollisjon med ein varebil og to personbilar involvert.

– Den eine bilen ligg på sidan, seier vakthavande i 110-sentralen, Ole Jakob Hartvigsen til Bygdanytt.

E16: Fleire utrykkingskøyretøy var på vegane rundt klokka 18 fredag. Foto: Anders Totland

Kø på E16

Ein av Bygdanytt sine journalistar enda tilfeldigvis opp i kø på E16 i Arna.

– Det er mykje trafikk og kø på vegane. Det har tatt 40 minutt frå Åsane til Arna.

Det var uklart om ulykka i Samnanger hadde samanheng med køen, men det vart meldt om fleire utrykkingskøyretøy på vegane, noko også Magnussen i politiet bekrefta.

Ifølge trafikkartet til Bygdanytt var det køtilstandar i Arna og over Gullbotn rundt klokka 18.30. At det var ein del trafikk heng nok også saman med at det var fredag og helgeutfart.