– Det er utruleg gjevande og lærerikt, seier bedriftsleiar Jan Morten Hugnastad i nyetablerte Hatland industriteknologi ved Osterøy vgs. Alle foto: Anders Totland.

Klassen oppretta eiga verksemd - Jan Morten (19) er ein av Osterøys yngste bedriftsleiarar

13 kreative elevar med 13 ulike draumar om ei framtid innan industriteknologi. No har dei saman etablert ungdomsbedrifta Hatland industriteknologi på Osterøy VGS.