«DUO-løo», som har blitt det nye namnet på bygninga, er det tidlegare hønsehuset på Ole Bull-garden.

I mange år stod gardshuset nærmast til nedfalls – bortgøymd mellom kratt og skog.

Det har tidlegare vore brukt til klekkeri, og seinare til sauefjøs, og er mest sannsynleg bygd på 1920-talet.

Då Danielsen skulle bygge det nye skulebygget, hadde rektoren ein draum om å rehabilitere det gamle hønsehuset og knytte det opp mot uteområdet til skulen og til praktisk undervisning.

Skulen fekk i stand ein langtids-leigeavtale med eigar og med forpaktar, som òg omhandlar området kring bygget og ned mot Valestrandsvatnet.

Med eit lån i overkant av ein million kroner kunne rehabiliteringa byrje.

Bygget var nærmast til nedfalls då ungdomsskulen starta arbeidet med å rehabilitere hønsehuset. Her ser du korleis det såg ut i kjellaren. Foto: Danielsen ungdomsskule
Her ser du hønsehuset i september 2019. No mangla det «berre» uteområde for dyra. Foto: Anders Totland (arkiv)
Dei gamle verpekassene skulle få nytt liv, ifølgje rektor Jostein Fossmark. I dag gjer kassene si nytte hos hønene i kjellaren. Foto: Anders Totland (arkiv)
Slik såg kjellaren ut før arbeidet starta. Foto: Danielsen ungdomsskule
Og slik blei det etter kvart. Foto: Danielsen ungdomsskule

Held byggetradisjonar ved like

– Kva har blitt gjort, rektor Jostein Fossmark?

– Oj, det er mykje. Eg veit ikkje kor eg skal byrje, seier han og ler.

– Det har vorte lagt stor vekt på å bevare det opphavelege uttrykket til bygget, og det har blitt nytta mykje tid til å finna ut korleis dette kan gjerast på ein god måte. Målingspulver som vart funne i huset blei mellom anna sendt til analyse og rekonstruering av den opphavelege malinga som blei brukt på bygget.

Ingen kledningsbord eller dører har blitt skifta ut utan at dei har vore heilt rotne. Det er lagt stor vinn på å setje i stand eit praktbygg i respekt for dei byggeskikkane ein nytta for 100 år sidan.

– Me nytta til dømes torvmose som isolasjon kring vindauga, og alle dei nye vindaugslistene har nett same profil som dei alltid har hatt. Øydelagde dører, vindauge og geitegardar er reparerte og tilbakestilt til opphaveleg stand. Den mest krevjande restaureringa av dørene tok Lars-Petter Vindenæs frå Haus seg av, informerer Fossmark og held stolt fram:

– Den flotte ljoren på taket, som tidlegare var til nytte for utlufting, måtte sjølvsagt rekonstruerast og heisast på plass igjen med kranebil, sjølv om den ikkje har ein praktisk funksjon i dag. Ein stasleg vêrhane har fått sin æreplass på toppen av denne, for å visa at dette alltid vil vera det gamle «hønsehuset» på Bullagarden.

Kring 18 månader gjekk med før «DUO-løa» stod klar i vinter.

Rektor Jostein Fossmark er ein stor forkjempar for å verne om lokalhistoriske bygg og byggetradisjonar. Fredag kunne han stolt vise fram «DUO-løa» – ein plass for praktisk undervisning, dyrestell, slakt, sosialt samvær og viktig læring. – Det er mange eg vil takke i prosjektet, seier den smilande ostringen til Bygdanytt.
Hønsehuset frå kring 1920 har fått nytt liv. Rundt ein million kroner har skulen brukt på å setje bygget i stand.
På dette flyfotoet frå Wideroe ser du hønsehuset ein gong mellom 1935 og 1940. Det er truleg det eldste biletet av gardshuset. Foto: Flyfoto Wideroe

Inspirerte og engasjerte elevar

Det er rundt 15 elevar i niande klasse i valfaget arbeidslivsfag som aktivt har vore delaktig i restaureringsprosessen – med god hjelp av Votlo-karen Kjetil Monstad i spissen.

Niandeklassingane har ansvaret for dyrestell og vedlikehaldsarbeid.

Gardshuset huser tre geiter, fire kaninar og om lag 30 høner.

– Det er utruleg spennande og lærerikt, fortel Matilde Loftås Vatle (14).

– Kva er det gardsdrifta du liker så godt?

– Eg trivst med å slite meg ut. Det òg spennande å jobbe med dyr, fortel ho.

Matilde Loftås Vatle og Mathias Rønhovde har arbeidslivsfag på skulen, og no er dei med på å halde hønsehuset på skulen i god stand. Og skal me tru leiinga har dei fleire planar i og rundt det lokalhistoriske bygget frå 1920.
Kjetil Monstad er innleigd lærar og byggmann i prosjektet på Danielsen. Han har lang fartstid innan bygg og anlegg, og har mellom anna jobba mange år på Havråtunet med gamle bygg. I tillegg har han vore sentral i bygginga av Valestrand torg.

Valestrand-eleven Mathias Rønhovde nikkar med og sender eit smil til sin klassekompis.

– Heilt einig. Å kunne vere med på eit slikt restaureringsprosjekt er veldig gjevande. Eg liker å vere aktiv ute og jobbe. Det er ofte betre enn å sitje inne og lese ei bok, seier tenåringen.

– Eg liker å vere aktiv ute og jobbe. Det er ofte betre enn å sitje inne og lese ei bok, informerer tenåringen Rønhovde.

– Kva er din dom etter arbeidet, Monstad?

– Det har vore mykje hardt arbeid, men det er gledeleg å sjå at ein kunne skape liv i bygget att. Eg meiner det har stor lokalhistorisk betydning, og mange har eit nært forhold til dette området på Valestrand, seier han og legg til:

– I tillegg er det jo gjevande å sjå engasjerte elevar ta stor del i prosjektet, så eg gler meg til fortsetjinga, seier han og smiler breitt.

Huset huser tre geiter som beiter på skulen sitt uteareal. Med tida skal dei få ei såkalla «No fence»-utstyr. Det er eit GPS-styrt elektronisk virtuelt gjerde i form av ein klave på kvar av halsane til dyra. Når dei nærmar seg den grensa som er sett, gjev klaven eit lydsignal som på ein ryggesensor.
30 høner klukkar i underetasjen. Egga blir brukt i matlaginga.

Berekraft og helsefremjande

Skulen har ved denne nye minigarden tatt eit stort steg i berekraftprosjektet sitt. Saman med Osterøy kommune har Danielsen ei satsing på berekraft i åra framover.

– Her skal elevane både i fag og i praksis få erfara korleis ein kan tenka berekraft lokalt, nasjonalt og globalt.

Globalt er elevane engasjert i FN sine berekraftmål, og samlar inn pengar til utdanning for jenter i Etiopia. Om lag ein million kroner har elevar på skulen samla inn til ulike slike prosjekt sidan skulen starta i 2011, seier Fossmark.

I arbeidslivsfag-gruppa er det 15 elevar som no driftar garden.
På loftet finn me eit klenodium av dei sjeldne. Huset var opphaveleg eit stort klekkeri og her ser du ein gamaldags rugemaskin.

Mellom alt det tunge arbeidet på garden, kan elevane boltre seg i det som mest sannsynleg er Osterøy lengste zipline.

  • Sjekk adrenalinkicket i videoen under.

Lokalt vert det mellom anna fokus på kortreist mat, gjenbruk, sporlaus ferdsel og matsvinn. Skulen er òg i ferd med å verta sertifisert som Miljøfyrtårn, kan rektoren fortelje.

Skulen har i innverande år fått støtte frå Den Naturlige Skolesekken til deira lokale berekraftprosjekt

– No ser du på det ferdige produktet, Fossmark. Kva gjev det deg?

– Det er veldig inspirerande å sjå kor mange elevar som set pris på å ha dyr i skulegarden, og som besøker desse ofte. Mykje ny forskning seier i dag at kontakt med dyr er helsebringande på mange ulike måtar. Til og med det å sjå på dyr har ein positiv effekt på den fysiske og psykiske helsa vår, stråler den nevenyttige rektoren.

– I løa kan skulen no utføre hjorteslakting som dei har kvart år. I år slakta skulen òg to sauer i tillegg til hjortane. Då fekk elevar i mat og helse lage og smake nydelege blodpannekaker i tillegg til slakting, partering og bearbeiding av hjortane, fortel rektoren. Foto: Danielsen ungdomsskule
Sola skin i hønseburet. Foto: Danielsen ungdomsskule