NVE med farevarsel

NVE har sendt ut oransje farevarsel for jord-, flaum- og sørpeskred i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Det er meldt 70–110 mm nedbør frå søndag og fram til måndag morgon i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

Varselet gjeld frå i morgon (søndag) til måndag. Midtre og indre strok er i følgje varselet venta å bli mest utsett.

Det er meldt 70-110 mm nedbør frå søndag fram til måndag morgon, som regn under 2000 moh.

Stigande temperaturar og mykje vind vil i tillegg føre til stor snøsmelting.

Dei rådar folk om å følgje med på varsom.no.

NVE òg har meldt om fare for flaum på gult nivå for begge fylka, og fare for snøskred på raudt og oransje nivå for fleire av varslingsområda.

Publisert: