Jørgen Midtun frå Trengereid var ein av mange som tok ordet i forsamlingshuset onsdag kveld. Han reagerte, mellom anna, på nedlegginga av Trengereid stasjon. – Det er snartenkt av prosjektleiinga og politikarane å legge ned «vår bybane». Eg har ikkje ord på kor skuffa eg og mange her på Trengereid er etter den avgjerda, seier han. Foto: Alle foto: Anders Totland.

Høg temperatur på K5-møte i forsamlingshuset

I 90 minutt sat Trengereid-folket høflege og lytta til prosjektleiinga i fellesprosjektet E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle onsdag kveld. Så flauma kritikken frå bygdefolket.