Denne veka var barne- og familieminister Kjersti Toppe på besøk på Dale, der ho fekk høyre om barnevernssamarbeidet som Osterøy og Vaksdal skal inn i.

– Det var lærerikt å høyre om Vaksdal og Osterøy sine forventningar til det interkommunale samarbeidet. Eg fekk inntrykk av at intensjonane i både Vaksdal og Osterøy for samarbeidet er godt og at ting ligg til rette for eit godt samarbeid, seier Toppe i ei pressemelding etter besøket.

Under besøket sa at ho at ho såg stor likskap mellom Osterøy og Vaksdal.

– Ikkje vore god nok

Bygdanytt har skrive ei rekke saker om barnevernet på Osterøy, først om ei varslingssak, og så om Statsforvaltaren som konkluderte med lovbrot etter eit tilsyn.

Dette tilsynet blei eit tema då Toppe var på besøk, melder Vaksdalposten.

– Tilsynet opna augene våre. Styring og oppfølging har ikkje vore god nok, den krev mykje meir enn det vi hadde sett føre oss. Men dette er eit ansvar vi no er svært bevisste på å ta, sa oppvekstsjef i Osterøy, Olaf Hella.

Oppvekstsjef i Osterøy, Olaf Hella. Arkivfoto: Anders Totland

Lars Fjeldstad fortalde at talet på bekymringsmeldingar til barnevernet i kommunen har gått drastisk ned.

– Det uroar meg veldig. Vi har ein jobb å gjere med å gjenreise tilliten til barnevernet, sa ordføraren.

Stolt over samarbeidet

Einingsleiar for helse og meistring i Vaksdal kommune, Jill Bru Johansen hadde gode ord å seie om det kommande samarbeidet.

– Det vi no er i ferd med å få til saman, det gjer meg stolt, og eg er heilt sikker på at dette kjem til å gå bra. Og det var også på høg tid for oss å få til denne endringa, sa Johansen under møte.

I samband med den nye barnevernsreforma måtte kommunen auke kapasiteten, og det får dei til i samarbeidet med Osterøy.

Kjersti Toppe er optimistisk til samarbeidet mellom Osterøy og Vaksdal. Arkivfoto: Kristina Bøland

– Må følgje opp saka

Toppe seier til VP at ho er optimistisk til samarbeidet.

– Eg trur dei to kommunane, som eg kjenner godt, og folka der har mykje til felles både i kultur og veremåte.

Ho legg til at ein må ta tilsynsrapporten på alvor.

– Det er greitt å minne lokalpolitikarane på sitt ansvar. Denne saka må dei følgje opp for å sjekke at samarbeidet fungerer og at tenestetilbodet er som det skal vere.