Vegtrafikksentralen melder klokka 13.38 fredag at ein buss har fått problem i Grimesvingane og at bilbergar er på veg.

På grunn av dette har det oppstått køar i området. Vegen er stengt for køyrety over 3,5 tonn.

Regionsjef Rune Mannseth i Tide opplyser klokka 14.10 til Bygdanytt at bussen ved hjelp frå politiet har klart å koma seg laus. Dermed vil det ikkje gå mange minutta før trafikken vil flyta som normalt att.