Siste nytt frå meteorologen: - Tørt vêr og mykje sol

Meteorologen meiner vi går inn i ei ny periode med tørt og fint vêr.

  • Siv Berg Lutro
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Finvêret i Arna og på Osterøy ser ikkje ut til å ta slutt.

Mai har vore usedvanleg varm og tørr, og det strålande vêret har resultert i totalforbod mot open eld utandørs. Sjølv ikkje grilling i eigen hage er tillate.

Ingen regn i sikte

Ifølgje Meteorologisk institutt kan vi ikkje rekne med noko særleg regn den næraste tida.

– Det blir fint framover. Tørt og mykje sol, seier Hanne Beate Skattør, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

– Kjem det altså ikkje noko regnbye?

– Det ser eigentleg ikkje slik ut. Det er moglegheiter for nedbør om vi ser litt ut i neste veke, men då byrjar varselet å bli såpass usikkert.

Har du fått med deg desse sakene?

Skattør forklarar at meteorologane har ulike køyringar for å kunne gje sine prognosar for vêret vi har i vente.

– Når vi ser på gjennomsnittsverdien av desse ulike køyringane, så viser det framleis tørt vêr også ut i neste veke. Sjølv om nokre køyringar gir litt nedbør, så blir det sannsynlegvis tørt vêr vi får.

Meteorologen oppmodar derfor folk til å vere forsiktige og å følgje instruksjonane til brannvesenet.

Over 20 grader

Skattør fortel at det fine vêret vil vare i alle fall fram til helga.

  • PS: Send oss gjerne dine sommarbilete! Merk bileta dine med #Bygdanytt Instagram eller send dei til oss på bn@bygdanytt.no

I mai kunne arnabuane og ostringane nyte varmerekordar og ein gradestokk som viste over 30 grader. Så varmt blir det nok ikkje, men vi kan truleg få ovver 20 grader kvar dag, trur meteorologen.

– Det kan bli litt meir skyar i helga, men det vil framleis vere tørt. Det vil også vere periodar med sol, seier ho og legg til at prognosane for helgevêret framleis er noko usikkert.

Publisert:
  1. Meteorologisk institutt
  2. Arna
  3. Osterøy
  4. Sommer

Les også

  1. Varmeste mai noensinne

Mest lest akkurat nå

  1. Bakerigiganten flyttar ut av bygda: – Sjølvsagt er det vemodig

  2. Høgreekstrem gruppe bolta fast propagandaskilt: – Slikt høyrer ikkje heime her

  3. Søk i dødsan­nonsene

  4. Lakslia: «Vi er vel fleire som undrar oss over kvifor det vert lagt så mykje prestisje i denne saka»

  5. Signalfeil mellom Trengereid og Arna: Store tog-forsinkelser

  6. «Bergen er meir enn det som kjenst mest behageleg for den enkelte politikar»