Fylkespolitikaren og presten Tom Sverre Tomren skriv på Facebook at han melder overgang frå Miljøpartiet dei grøne til KrF. Han legg til at årsaka til dette er knytt til menneskesyn, religionspolitikk og det at han er overtydd om at han i KrF kan gjera meir for miljøet enn gjennom MDG.

– Dette har vore ein lang prosesss og eg har framleis MDG som ein god nr. 2. Eg håper at MDG lykkes med vekst og påverknad, men eg håpar endå meir på at KrF veks og utfordrar på den kristne verdiarven både til venstre og høgre som eit grønt sentrumsparti, skriv Tomren.

Teknologioptimistane

Det er den siste tida ikkje berre Tomren som har melde seg ut av partiet. Også Sondre Båtstrand, som er gruppeleiar for MDG i Bergen bystyre, har meldt frå om at han ikkje tar attval. Også fleire andre medlemmer i partiet har i løpet av dei siste månadene meldt seg ut.

Til NRK Hordaland opplyser Tomren at ei årsakene til utmeldinga heng saman med auken av det han kallar teknologioptimistar i partiet. Dette er folk som trur at miljøproblema kan løysast gjennom å finne opp nye ting.

– Endra livsstil

– Eg har større tru på at vi må endre livsstil, men eg ser at MDG har ein del meiningar som eg ikkje identifiserer meg med lenger. Partiet vart samla rundt miljøaspektet, men menneskesynet er forskjellig, seier han til NRK Hordaland.

Han legg til at prosessen har vore smertefull, og at det er med sorg at han forlèt eit parti som har blitt ein stor del av identiteten hans.

Fram til valet neste år vil Tomren, som er fast representant i fylkesutvalet, vera ein del av KrF si gruppe i fylkestinget i Hordaland.