Knallvêret held fram

Er vi litt heldige, kjem det ikkje ein dråpe nedbør den komande veka.

Temperaturane i vatnet blir ikkje akkurat lågare i dagane framover.
  • Ronny Bertelsen
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Etter nokre sårt tiltrengte dråper regn, er vêret no tilbake til det som har blitt «normalen» denne sommaren. Ein sommar som kan bli ein av dei beste på svært lenge.

– Så langt har jo denne sommaren vore svært bra, og det er små endringar i vêret i dagane framover, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg til Bygdanytt.

Lågtrykk trugar

– Så det blir knallvêr så langt auga kan sjå, for å seia det slik?

– Den siste prognosen viser at søndagen er litt usikker. Det ligg eit lågtrykk sør for Island, og dette kan føra til at det kan koma litt regn inn over Vestlandet søndag. Men, det kan og henda at det ikkje kjem ein dråpe. Vi har sett tidlegare at det ikkje blei noko av lågtrykk vi rekna med var på veg, seier Selberg.

Dei to finaste dagane blir tysdag og onsdag med temperaturar opp mot 25 gradar. Det blir svært lite skyer, og det vil koma ein avkjølande bris frå Nord-Nordvest. Torsdag og fredag går temperaturane ned nokre gradar, og kanskje det blir like under 20 gradar. Den avkjølande brisen vil halda seg.

– Både torsdag og fredag morgon ser det ut til at dagane startar med eit lågt skydekke, men så vil det klarna opp ut over dagen, lovar Selberg.

Publisert:
  1. Vær
  2. Sommer
  3. Meteorologisk institutt
  4. Bergen

Mest lest akkurat nå

  1. Hundeeier får bot og erstatningskrav etter sauedrap

  2. Lakslia: «Vi er vel fleire som undrar oss over kvifor det vert lagt så mykje prestisje i denne saka»

  3. Kidsa herja i Osterøyhallen: – Ei suksesshistorie!

  4. Strilefest i byd'n

  5. – Ungdomslaget står i faresonen

  6. Den afrikanske dansedronninga kan ikkje slutte å danse