Om lag ved 16.30-tida laurdag hamna ein bil i fjellveggen i Risnestunnelen på E16 i Arna. Ingen personar blei skada.

Mannskap frå brannvesenet rykka ut for å sikra køyretyet.

Vegtrafikksentralen opplyste at tunnelane mellom Romslo og Trengereid blei stengte fordi bilen stod slik til at den kom brått på bilistane.

På grunn av dei stengte tunnelane valde mange å køyra gamlevegen, noko som førte til kaotiske tilstander der, også etter at tunnelane blei opna att litt før klokka 17.30.